Førre veke tok vi eit vanskelig valg og lot Bonnie få sleppe. Eg har ikkje orka å blogge om det før no. Ho har heile livet sitt hatt sterk grad hoftedysplasi og har dei siste 2,5 åra gått på smertestillande kvar dag. Ho fekk fysioterapi og medisin som gjorde det lettare men siste gongen vi var på Ålesund Dyreklinikk var det ganske klart at ho ikkje likte det. Bilda frå turane våre viser ei "sprek" Bonnie til det siste men den viser ikkje kor ho peip og hylte på dei siste turane no i vinter/vår. Vi håpte at etter vinteren skulle det bli bedre men det viste seg gå andre vegen. Eg har alltid tenkt at eg ikkje skal la mine dyr lide unødig så då blei det til at ho endelig fekk springe på ei strand oppe i hundehimmelen .... det var det beste ho visste <3
Kvil i fred Bonnie vår, du er høgt elska <3
1 Comment
Elisabeth Steingrimsen
22/3/2022 22:36:16
Dette var forferdelig trist å høre Unni😥❤️
Reply
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
September 2023
Framheva sider:
|