Sånn litt praktisk info... Ikkje alle kvalpane bør reise den 8.januar, men det er iallefall den datoen dei tidligast kan reise herfra. Då er dei 8 veker og 3 dager og har fått sin siste ormekur herfra. Den neste ormekuren kan dei få med 12 vekers kontrollen sin der dei også skal ha ei vaksine og deretter 1 gong i året. Dei får med seg ein sele sånn at dei kan vekse litt til før dei ev må ha ny sele. Litt Royal Canin Puppy (mini) for får dei også med seg til dei første dagane og det vil dei ha vidare også i nokre mnd til. Info om foring står på pakken og her er masse god info. Elles får dei med seg det eg har lista opp her:
1 Comment
Vi er stolte av å ha fått NCk's Avlsråds GODKJENNINGSDOKUMENT for Kystavalierens C-kull !!13/12/2020 Kvar dag er det noke som skjer for å venne kvalpane til det nye livet sitt. Her blir det støvsuga mens dei halvsøv og litt mens dei et. Vi har også starta nokre sekund med fyrverkeri på youtube. Alt dette har vore ok, men ei syntes eit juletrelys blei plutselig litt skummelt og måtte få litt trøst. Etter det passer vi på å ha litt meir avstand til ho synes det er heilt OK :)
No er vi oppe i 4 måltider kvar dag ved gradvis tilvenning. Det er RC mousse og opp blauta RC tørrfor for bebiser som ho mor også knasker i seg daglig. Det er litt ekstra styr for tida for dei har hatt litt diare i 2 dager og det er enda ikkje heilt over :O Sånn er oppdretterlivet.....vaske vaske vaske vaske. :P
No skjer utviklinga i rekordfart!
Dei åt frå skål sjølve i dag... ikkje alle er like flinke enda men snart så knekk dei koden. Dei leiker meir med kvarandre, knurrer og småbiter litt i kvarandre og leiker eg legg ned i kassa. Kvar dag skal dei no bli kjendt med å bli handtert og kosa med. I dag var det på høg tid med kloklipp nr 2 Vi sjekker tenner og let dei bli vandt med at vi tek på dei alle stader Kystcavalierens Cirkeline (jente 1)Kystcavalierens Chewbacca (gut 2)Kystcavalierens Coraline (jente 3)Kystcavalierens Colargol (gut 4)Kystcavalierens Cookiemonster (jente 5)Kystcavalierens Cinderella (jente 6)Og dei har fått eit måltid no eit par dager. Må jo venne seg litt til det men jommen så slurpa dei det i seg :) Glømde å ta bilder av det da..... men ein kan sei det er ei klissete oppgave.
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
March 2024
Framheva sider:
|