Det har ikkje vore blogging her på ei stund men i dag har vi hatt en sånn fin tur at eg fekk lyst å blogge igjen. Men så har eg også lyst å fortellle litt.
Grunnen til stillheita er at vi har fått vite at Bonnie har HD med store folkalkninger. Lufta gjekk litt ut av oss ei lita stund men no har vi komt oss litt til hektene igjen. Dyrlegen sa at vi bør leve som normalt og det skal vi absolutt gjere. Bonnie går no på smertestillande ei stund så får vi sjå korleis det går. Det har heile hausten vore noke som ikkje har stemt.... no som eg veit kva det er så har eg jo følt meg utrulig dom som ikkje har skjønt kva det var. Eg var sikker på det var noke med kneet pga skaden i fjor vinter. Bonnie har ikkje vist mange symptom men det har vore noke med gangen som har uroa meg. Litt krumma bak og knea litt ut. Dyrlegen sa ho var veldig mjuk og muskuløs og det har nok gjort at ho har skjult plagene sine godt eller at ho ikkje har så mange plager som andre pga godt trent kropp. Men no når kulda kom for litt over ein månad sidan så har vi blandt anna merka noke som minna om halting og at ho har kvekkt til nokre gonger på tur eller i leik. Vi hadde håpt at ho skulle få kvalper på nyåret men det er no sjølvsagt heilt uaktuelt. Sist eg skulle bade ho så fekk ho plutselig vondt då ho stod på tre bein mens eg vaska magen hennar. Eg tenkte det var kneet men det var det ikkje, knea var heilt fine sa dyrlegen. No veit vi bedre og vi skal gjere det beste ut av resten av livet hennar....ho skal få det beste <3
1 Comment
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|