I dag våkna vi opp til snø!!! Den siste veka så har dei alle sammen sprunge ut for å gjere frå seg om morgonen. Dei står opp i 7-tida og då er det berre å kaste seg i tøflene og komme seg ut i nattkjolen for då skjer det fort! (sikkert eit snodig syn for naboane..)
Dei et ein liten klunk med oppblauta RC starter tørrfor og snart skifter vi gradvis til det dei skal ete framover; RC puppy. Når dei er ferdige med å ete så er det leiketid og så ut og tisse litt til etter maten for så å sove ein time eller to. - Så gjentar vi prosedyra ;) Dei er veldig flinke å tisse ute. Einaste grunnen til at vi har nokre uhell er at vi ikkje er raske nok når det må skje. Med seks stykker så skjer det fort, kan eg love ;)
0 Comments
I dag har det vore badedag. Først en tur i fjæra og der ligg det jo diverse som lukter gammal fisk...
Det tek på å vere mamma for i øyrene blir det både babytiss og floker. Eg var ikkje så flink å greie ut alt før vi bada så her vil vi demonstrere kor lurt det er med å bruke ein god hundesjampoo OG balsam etterpå. For som dokke ser på bildet så brukte eg berre nokre sekund på å få ut floken etter badet med ein fintagga kam :) Sånn litt praktisk info... Ikkje alle kvalpane bør reise den 8.januar, men det er iallefall den datoen dei tidligast kan reise herfra. Då er dei 8 veker og 3 dager og har fått sin siste ormekur herfra. Den neste ormekuren kan dei få med 12 vekers kontrollen sin der dei også skal ha ei vaksine og deretter 1 gong i året. Dei får med seg ein sele sånn at dei kan vekse litt til før dei ev må ha ny sele. Litt Royal Canin Puppy (mini) for får dei også med seg til dei første dagane og det vil dei ha vidare også i nokre mnd til. Info om foring står på pakken og her er masse god info. Elles får dei med seg det eg har lista opp her:
Kvar dag er det noke som skjer for å venne kvalpane til det nye livet sitt. Her blir det støvsuga mens dei halvsøv og litt mens dei et. Vi har også starta nokre sekund med fyrverkeri på youtube. Alt dette har vore ok, men ei syntes eit juletrelys blei plutselig litt skummelt og måtte få litt trøst. Etter det passer vi på å ha litt meir avstand til ho synes det er heilt OK :)
Då var endelig alle over 400gram. Her demonstrert av minstejenta nr 1
Tre er allereie over 500gram :) Anemone har fått tydelig rosa struttetutter og ein knøtt-liten mage. No er ho halvgått i drektigperioden så no kjem fostera til å vekse godt dei neste 4 vekene :)
Eg jobber med søknadsskjemaet så det er klart for dokke som venter sammen med oss....
Vi som bryr oss om hundene, og individet ønsker alle en trygg hundehandel.. enten vi selger eller kjøper <3 Tekst av Elin Nahanni Mange lurer på kva dei treng til kvalpen sin når den kjem i hus. Det kan vere lurt å lese seg litt opp på ting så derfor lager eg her ei liste over det eg synes er lurt å ha. Kanskje til og med fleire lister..... skal vi sjå.... : PS! Husk det viktigaste i forberedelsen på kvalp -> les/lær deg hundespråk/ta eit onlinekurs eller lignande!
Altså....mamsen måtte finne fram regndressane for vi skulle ut på tur i dritveret. Så finn ho alt mulig rare kostymer som Anemone måtte stå modell for før det blei pakka forsvarlig bort.
Denne rosa saken var for det første alt for liten..... Og solhatten får vi ikkje bruk for med det første her på desse kanter... Då var den komt...vi gler oss (gjer vi det??) til å bruke den :P
BLir iallefall spennande å sjå om den funker. No venter vi berre litt på opphaldsver.... Vi bruker ikkje nervegift i tablettform her i huset. Reagerer hunden kan det ikkje berre vaskast bort liksom..... Eg skal ikkje gå inn på skrekkhistorier her eg vil berre komme med andre løysinger ;)
TIdligare har eg blogga om det heimelaga flåttmiddelet som funker ganske ok. No skal eg prøve noke nytt og har bestillt tre stk Max & Molly Zero Bugs Ultralyd Lopp-og Flåttjager hos Petster. BLir spennande å sjå om det funker for no er det like før flåttsesongen starter for alvor (mest på hyttå) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
March 2023
Framheva sider:
|