Hurra for Anemone og brødrene Tassen og Sofus! I dag er dei 1 år!
Her blei det kakefest og kaka forsvant på ein to tre ....tre glade cavalierer jafsa i seg ferskforpakke pynta med lys, jordbær og godbiter :)
0 Comments
Då Anemone vore og tatt 1-års vaksina si hos Ålesund Dyreklinikk :)
Ho skal på utstilling og då må ein vere vaksinert og vise til det i helseboka eller passet sitt. No er ho altså vaksinert mot kennelhoste og andre lumske greier og er klar til å vere med på utstilling og møte resten av den store verda. Ein årlig liten helsesjekk er alltid lurt! No er vi klare til utstilling i slutten av april på Sunndalsøra og NKK si store utstilling i Ålesund den 5-6.mai! Anmone er 12 veker!
Ho veg 2,9 kg og er ei herlig lita tulle med godt humør! Ho et og leiker seg og er kosete og snill. På 12 vekerskontroll fekk ho vaksina si og sov godt i buret sitt både fram og tilbake. No har ho fått si eiga side med stamtavla på :) Så reiste Kystcavalierens førstefødte Amaranthus heim til Isfjorden med sine herlige utrulig koselige nye matmor og matfar pluss tre gode snille brødre :)
Det er både litt trist og heldigvis mest med glede å levere han til sine nye kjære <3 Lykke til lisje Amaranthusguten! Eg veit du får det godt <3 Eg er kjempeheldig!
Så trulig herlig å få brev frå kvalpekjøpere og få sjå kor fantastisk lisje Sofus sitt liv er <3 (fekk lov å dele ;)) En ca 10 minutters filmsnutt om kvalpelivet :D I dag har vi hatt det kjempekjekt! Amaranthus møtte brødrene sine for første gong!
Birk(trikolor), Eros og Noah! Dei var nok mest opptatt av Ally, men dei små var ganske så spennandes til tider :) Om eit par veker så kjem dei og henter Amaranthus så då flytter han heim til Isfjorden for godt <3 Så var dagen her....
Den yngste men største og mest lydhøre sjarmøren-no kalla SOFUS ...flytter heim :))) Eg er trist og glad på same tid.... No reiser han ut i den store verda og snart får han springe og leike med sine nye familiemedlemmer <3 Lykke til Sofus-guten og takk for at vi fekk låne deg desse 2 månadane!! Du er allereie høgt elska og mykje ønska av denne koselige familien: Då er A-kullet 8 veker gamle og leveringsklare. Amaranthus og Aster har fått nye heimer og Anemone blir her hos oss. I morgo reiser den første.... I dag har vi vore på Ålesund Dyreklinikk for ein sjekk og alt var heilt fint :) Amaranthus (som selvfølgelig er den som ikkje vises på bildet for han søv nedi vognburet) har ikkje fått ned begge steinane, men vi håper den kjem ned fort. Aster hadde perfekt kjeve men framtenne nede stod litt over dei oppe, men ingen fare, slikt retter seg heilt sikkert. Dei veg no 2,2kg (Anemone) 2,46kg (Amaranthus) og 2,7kg (Aster). Vaksina tok dei med fatning. Men gutta hylte då dei fekk chippen i nakken. Trøsta vart godbit og kos og vi vart nok tilgitt. Mange inntrykk denne dagen med tur til både veterinær og Oldeforeldre sin 70 års bryllupsdag! Ally gir dei av og til ein liten melkeskvett, men ho har avvent dei i tre veker allereie så dette er nok berre litt bonus. Ho har rikelig med melk i pattane enda og ho er ei veldig god mor. Passer dei og steller dei, og no har ho tødd litt meir opp og det er meir fart i ho når ho leiker med dei. "Tante" Bonnie tek det å vere tante veldig seriøst og leiker med dei og hjelper til med å passe på dei heile tida. Ho har vore gull verdt for Ally denne tida.
Kvalpane er så flinke og søv no heile natta (muligens litt piping av og til), og om morgonen er det rett ut på plena i full fart for å tisse og bæsje(synkront!) :) Dei et ca 40-50 gram tørrfor kvar iblanda litt våtfor(vom) på kvart måltid ca 4 gonger om dagen. No er det nesten berre RC Junior att. Vi har gitt dei RC Starter tidligare og no er det ganske utspedd med Junior. Ally et opp alle rester og får også mykje Starter og Junior-for. Ho kan godt legge på seg meir ei stund til. Pelsen hennar er nesten forsvunne (i tattane?) og vi ser heilt inn på huda...så lite pels har ho aldri hatt før... Ho får mykje ekstra snadder (egg, kjøttdeig o.l) for å bygge seg opp. Eg ser no at ho godt kunne fått meir tidligare... Ho har ete dobbelt så mykje som ho vanlig et i det siste! Ja det tek på å vere mor... Det er full rulle bortover golvet når mor roper: "kommekommekomme" :D
Då er det enten full kosebehandling eller mat i fatet! Dei veks og trivst...tenk at dei er over sju gonger fødselsvekta si! Dei er så søte at mammahjertet svulmer og eg er heilt i hundehimmelen ❤ No slest dei og herjer med kvarandre...men i hendene er dei kosete og mjuke... Dei er fremdeles like flinke til å ete og sove, leike og kose. Om morgonen er det fullt hylekor helst før kl 7:00 og då er dei sååå tissetrengt at dei stuper ut av kassa for å tisse. Tante Bonnie er verdas beste tante. Det syns iallefall denne gjengen: Tida går så fort så her må det nytast til fulle. Dei våkne stundene blir lengre og fleire, og på dagtid er dei no ute av bingen og går som dei vil. Det ser ut til at dei ikkje vil bæsje i bingen, så om morgonen held dei konsert til dei får komme ut på avispapir :)
Ingenting er herligare enn å legge seg heilt ned på golvet ....å bli møtt av 3 små ubeskrivelig søte småtasser som logrer villt og alle vil kose og sleike på nasen din og sprelle i håret ditt!! Oh'Lykke!! <3 Dei viser personligheita si tydligare no...: Jenta er flinkast til å ete. Den Amaranthus er roligast og Aster "snakker" mest ;) Dei veks og trivst og alle har lagt på seg rundt 300 gram den siste veka. Stadig søker dei bort til skramle-leikene for å snuse og dei klarer å springe rundt, om enn litt ukontrollert og klumsete. Vi har hatt besøk av "fremmedfolk" som har kosa og leika med dei. Det ser ut til at det liker dei veldig godt og kvalpane sovner i armane deira. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|