Eg har oppdatert litt i dag om kvalpeplaner...: VI har desverre ingen planer for fleire kull i 2022/2023/2024 --- kanskje 2025?
Det er desverre ikkje lov å avle reinrasa cavalier i norge etter dom i Høgsterett 11.oktober 2023. Du kan finne meir info om dette på Norsk Kennel Klub og Norsk Cavalierklubb. Vi er fortsatt medlem av Norsk Cavalierklubb da vi synes det er viktig å støtte arbeidet som no er i gang. Meir enn nokon gong treng klubben støtte til å gjennomføre utkrysningsprosjektet for å bedre helsa til cavalieren og redde den herlige rasetypen.. Kystcavalieren har meldt på våre to unghunder til utkrysningsprosjektet. Det er forhåpentligvis straks i gang hos klubben seinvinter 2024. Det er ikkje sikkert at våre hunder går gjennom nålauget for MRI-testen som må vere veldig godt resultat på for alle hunder som deltek (sjølvsagt), men tida får vise. Vi håper at det vil bli født mange cavalierblandinger i dette prosjektet tidsnok til å bli innkryssa i den reinrasa genpolen i Norge. Slik kan vi få fleire hunder i Norga av vår herlige flotte nydelige snille og glade rase cavalier king charles spaniel som vi elsker! Tusen tusen takk til familien han har budd hos som har vore så flinke med han. Han kan sitt og bli og er ein høflig og fin liten herremann på 8 mnd som løfter så høgt han kan når han skal lage avis-innlegg på buskene ;)
Velkommen i gjengen Hazzel! Då har begge to fått vaksine og chip. Kystcavalierens DryWhiskey 2 kg og Kystcavalierens DraftBear 2,2 kg. Blenheimen har ikkje fått ned begge steinane enda men tvi tvi. Begge er gode og runde og meget vakre :)
Om nokre dager reiser dei til sine nye heimer i Oslo og Ålesund. Det er alltid litt skummelt når kvalpane skal finne sin nye familie... Får den det bra? Vil den ha eit godt liv? No har eg tatt det viktige skrittet og lovd to familier få eit nytt familiemedlem.... to kvalper skal berike livet til dei heldige :)
Blenheimguten skal til Ålesund og trikolorguten skal til ein familie i Oslo. Men det er nokre dager til da.... vi nyter tida vi har igjen og gler oss til endelig å sove litt lengre på morgonen....hihi Eg er fortsatt i tenkeboksa kor desse gutane skal bu i sin forevigheim. Beklager så mykje om det tek litt tid :) Men her er dei....begge to heilt nydelige spør du meg :)))
No har dei blitt over 4,5 veker og Cassie får lov under vaktsame blikk å komme å leike litt i bingen. Her i huset har vi covid så ting går ikkje så fort. Eg er i tankeboksa om eg vil ha deleiger på desse småtassane som viser seg så innmari fine. Men det tek litt tid å bestemme seg for kva ein skal gjere, I mellomtida er det berre å søke via skjema og smøre seg med tålmod O:)
Cassie har passert 1 1 veker og kvardagen her på Sunnmøre har blitt sjølve herlige livet. Her er eit knippe bilder frå dei siste dagane. Ein ekstra snutesuss og klem til broremann Bamse fra Cassie, det var koselig å høre frå deg :*
OBS 21/7-22: eg fann desverre ein feil i skjema. Feilen er retta og no er det berre å prøve igjen. Beklger feilen O:)
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
March 2024
Framheva sider:
|