Kva er prisen på ein Cavalier King Charles Spaniel?
Norsk Cavalierklubb har ein anbefalt kvalpepris på 20 000 kr etter 1. sept 2020.
Denne prisen følger også Kystcavalierens oppdrett.
Det fins fleire som tek litt meir for Cavalierer, det kan ein sjå på blandt anna finn.no.
Det kan kanskje vere mange grunner til det...men... ein må vite at det ikkje nødvendigvis får ein friskare kvalp av den grunn. Eg ville vore skeptisk til ein oppdretter som tek meir enn anbefalt av raseklubben. Spesielt når ein ser at det faktisk er oftast dei utanfor raseklubben som gjer dette....dei er ikkje godkjende oppdrettere eller medlem der ...har dei då tilegna seg den kunnskap om rase og oppdrett av Cavalier som dei burde? Kan en vere sikker på at dei som tek meir er flinkare enn andre og har gått fleire kurs eller har meir kunnskap på noke vis utan å vere godkjent oppdretter? Det kan vere grunn til å stille spørsmål.
Raseklubben og dei fleste godkjente oppdrettere jobber hardt for at Cavalieren skal ha god helse. Når ein då ser at dei utanfor tek meir kan ein bli bekymra...
Nokre grunner til at prisen ikkje skal vere høgare:
- Hvis prisen blir for høg blir fortjenesta høgare og det kan få folk som ikkje har nok kompetanse bli oppdrettere. (alle som har eit kull på ein hund er ein oppdretter) I og med at helse er så viktig på Cavalierer så er det viktig at dei som er oppdrettere veit kva dei gjer. Godt avlsarbeid krev mykje viten!
- Nokre hunderaser har så høg pris at det kan friste å avle på dei med tanke på penger og ikkje hundevelferd. Det er ikkje tjent med at Cavalierer blir avla på i stor stil. Det kan som nevnt gå ut over helse og velferd til Cavalieren.
- Oppdrettere som følger Cavalierklubben si anbefaling (ikkje berre krav) viser at ein respektere det som Cavalierklubben arbeider for; -bedre helse! Dette vitner igjen om at du kan ha med ein seriøs oppdretter å gjere.
- Høg pris tiltrekker seg også dei som gjerne får tak i billig i utlandet.... Fleire advarer mot å kjøpe importkvalper.. Eg har sjølv erfart venner som har smertelig fått erfare forfalska helsepapirer og død kvalp etter to veker av parvovirus :( Det er ingen tvil at kjøper ein kvalp frå utlandet kan det vere frå kvalpefabrikk. Det er det mest grusomme eg kan tenke meg at ein hund kan bli utsatt for, eg orker ikkje ein gong skrive mykje om slikt, men googler du det så vil du sjå kva eg meiner. Og ein annan ting, den som kjøper ein kvalp frå ein kvalpefabrikk redder ikkje ein kvalp....men støtter industrien til å halde på :(
- Oppdrett skal og bør vere ein hobby. Det skal vere fordi man elsker dyr, tenker dyrevelferd -IKKJE PROFITT!
Nokre grunner til at prisen ikkje skal vere lavare:
- Cavalierklubben og seriøse oppdrettere jobber veldig hardt for helse. Det blir haldt seminarer, kurs og skule for Cavalieroppdrettere slik at ein kan gjere best mulig oppdrettsarbeid. Ein seriøs oppdretter blir med på dette og har kunnskap om rasen og utfordringer. Dette koster penger! Det står respekt og vitner om seriøsitet når ein blir med på dette.
- Det er dyrt med avlsarbeid når ein gjer det som skal til. Det koster med forsikring, fødselskostnader, vaksiner, DNA-tester, augelysning, kne/hjertesjekk osv osv osv... HER kan du sjå eit regnestykke på oppdrett.
- Hvis ein elsker å halde på med hund heile døgnet, og ser bort i fra at det koster all di tid, er det jo litt greit om ein er heldig og det blir eit lite overskudd pr kvalp for arbeidet ein har gjort :)
Hvis en oppdretter tek høgare pris...:
- At nokre tek meir for ein Cavalier vil ikkje sei at den har bedre helse eller har fått bedre forhold på noke vis. Så har vi dette med at skal ein oppdretter ta høgare pris, så vil den...og den.....og den ha høgare pris.... Eg kan berre gjenta det eg meiner at oppdrett skal vere LIDENSKAP, ikkje profitt!
- Men nokre har ein avtale at ein tek feks 1000kr ekstra. Dette kan ein få tilbakebetalt når feks augelysning er gjort etter at huden er eit år gammel. Dette kan vere ei god løysing for både eigar og oppdretter. Eigar får sjekka augene for sjukdommer o.l og oppdretter får vite korleis det har gått med dei linjene h*n har avla på. Det kan også vere at oppdretter tilbyr andre tjenester som kvalpekurs o.l.
- Hvis ein blandingshund blir seld for lik eller større sum enn en cavalier så er det ein ting å gjere, sjå ein annan veg. Det er desverre mange som blir lurt til å tru at hunden blir meir allergivennlig, friskare og sunnare. Nei. Eg får skrive meir om det ein annan gong. Men berre ein kommentar akkurat no sidan eg såg ei annonse cavalierblanding med toypuddel Det er forskning som viser at størrelsen og forma på skallen har å seie for SM(syringomyelia) og at parrer ein cavalier med mindre rase så er faren ekstra stor for å få sjukdommen SM.