|
Eg har tenkt og tenkt... sidan Cassie var påmeldt krysningsprosjektet Nck/NKK..... og har komt til at ho ikkje skal vere med....
Sidan eg no har ein blogg om avl og cavalierjenter så skulder eg dokke å skrive det "høgt". No er det sagt og då er det bestemt. Huff, dokke kan godt få vite at eg er veldig lei meg for det..... men livet blir ikkje alltid slik ein håpa.... Heldigvis er eg født optimist og veit at ei eller anna dør vil åpne seg. Kva skjuler den mon tru? :) Det var ein god oppdretter som sa til meg ein gong... "du kjenner det på magefølelsen", altså om hunden din kan vere bra avlsmateriale. Det hadde ho heilt rett i. Eg fekk jo Cassie med tanke på at eg ville ha kvalper på ho, men slik gjekk det altså ikkje. Ho er ei nydelig jente på alle måter, men det er jo meir enn det som skal til om ein vil ha godt avlsmaterialer til neste generasjoner. Sidan 3-årsdagen hennar i mai så har eg tenkt og tenkt...så det knaka. Ting eg håpa skulle bedre seg har ikkje gjort det.. Det er mange små grunner som har blitt i sum litt for stort, derfor har eg bestemt meg at ho får berre bli selskapsdame her i huset. Ikkje noke gale i det :) Men det blei nok litt for mange små ting som adda opp til et nei. Så innmari sårt og trist som det kan bli for ein som elsker cavalierkvalper, og ønska så sterkt å bli med på framtida for rasen. Kanskje ein vakker dag så kan det alikevel bli? Då skal det iallefall bli ein hund som er registrert for prosjektet. Men sånn det er hos oss no så blir det ei god stund til. Kun framtida vil vise....
0 评论
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
oktober 2025
Framheva sider:
|
RSS Feed