|
Etter kvar nyttårsaftan kjem dei same historiene… redde dyr, hundar som rømmer i panikk, dyra i fjøsen skader seg i frykt, og ville fuglar som flyg i blinde gjennom natta. Heile naturen skjelv, og eg kjenner det heilt inn i hjartet kvar gong. Nyttår har for lengst slutta å vere ei glede for oss – det er vanskeleg å feire når vi veit kva dette faktisk fører til. Dei fleste av oss er jo opplyste no. Vi veit betre. Og likevel skjer det igjen at noken skyt opp fyrverkeri i tide og utide. Fredag kveld 2. januar, etter jobb, tok eg med meg Anemone – som akkurat har starta løpetid og derfor kan tiltrekke seg hannhundar – og Cassie, og drog ut for å leite etter Cookie på Helland. Han hadde blitt så redd av rakettsmella at han sprang ut av armane på eigar og forsvann. Det vart sett i gang leiteaksjon, håp og uro i magen… men no, etter fleire dagar, er han funnen død. Det gjer så vondt. Det skulle ikkje vore slik. Og det er ikkje berre hundane våre som lir. Hestar som kastar seg mot gjerde i panikk. Hjort og rådyr som flyktar i full fart og skadar seg. Fuglar som kolliderer med vindauge og kraftlinjer i mørket. Heile økosystemet får seg eit sjokk — berre fordi vi skal “feire”. No må vi faktisk stoppe opp. Vi må slutte med dette. For dyra våre, for naturen, for alle som står igjen med tomme band, tomme stallplassar og knuste hjarter. Signer gjerne her. Vi veit betre no – alle saman. Ute og leiter etter Cookie i minus 5 grader og kaldare skulle det bli den natta.
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
oktober 2025
Framheva sider:
|




RSS Feed