1 Comment
Vi har to hanner som vi vurderer å selge så då åpner vi for søknadskjema. Du kan søke men husk at pga stor pågang så svarer eg kun dei eg undersøker videre som potensielle kvalpekjøpere. Beklager dette men tida mi går først og fremst til hundane :) Det vil uansett stå her på bloggen når vi har bestemt oss for kva som skjer vidare med dei. OBS 21/7-22: eg fann desverre ein feil i skjema. Feilen er retta og no er det berre å prøve igjen. Beklger feilen O:) Kystcavalieren har ei side på facebook og der hender det no at vi tek ei direktesending frå kvalpekassa. Tidligare i dag gjorde vi nettopp det og du kan sjå dei no i ettertid også om du går inn på fb og ser :)
Det er jo slik at når ein kjem med ei ny tispe til andre husvande tisper så er dei ofte veldig "overlegne" særlig om det er ein "plagsom" liten baby ;) Ally har vore ganske grei men streng om lisje Cassie har vore litt for nær når ho er leiken. Det er artig å sjå kor ho då føyer seg og lærer seg trikset å smyge seg koselig inntil med meir rolig framferd. No må eg presisere at eg held dei ganske adskildt og passer på som ein smed at ikkje noken plager andre. Ally får masse kos og ekstra godbiter no som lisje Cassie skal bli godtatt i flokken vår. Det har no sakte men sikkert gitt frukter og det er alltid godt å sjå :)
Med puter dandert under sofaen blei det litt sofakos i dag. Ally kan styre si begeistring for en liten kvalp men ho varmer opp litt og litt ;)
Kystcavalierens DryWhiskey og Kystcavalierens DraftBear
Mor: Kystcavalierens Anemone Far: Bånfost's Aron alias Whiskey I dag har vi endelig fått heim vårt nye håp lille Cassie på 9,5 veker frå Liljeskogens kennel i Kvinlog på sørlandet. Vi er så heldige å få kjøpe denne nydelige jenta og vi har venta i 1,5 år på at ei passe tispe frå Liljeskogen skulle kunne bu her hos oss og no endelig har det skjedd :)))) Begge gutane et og veks og no har dei nesten dobla vekta sidan dei blei født. Begge veks og er stort sett stille og rolige i kvalpekassa og det er godt for det betyr at mor har melk og at dei er fornøgde og friske. Om det er ein som lager meir lyd er det nok trigutten og han har lagt på seg mest og ser ut til å kreve litt meir og fort :D No aker dei seg rundt og såvidt såg eg ein som prøvde å krype litt og. Ikkje lenge til så kravler dei rundt i rekordfart!
I kveld kom det to små guter til verda hos Kystcavalieren. Oppblokkinga starta vel kvelden før med graving i tepper og kasse. Første riene kom kl 19:10 og den første trikolor guten på 258 gram kom til verda kl 20:05. Han måtte ha litt drahjep ut men det gikk greit. Han kom nemlig i setefødsel, altså med bakbeina først, men ikkje nok med det, han kom "opp-ned" med magen oppover :O Godt er det når det skjer sånne rare ting at man har gode mentorer man berre kan ringe på messenger og bli guida igjennom heile prosessen. Eg kan ikkje få takka nok for det betyr sååå innmari mykje å ha støttande ord og råd .... klem til dokke mine oppdrettervenna :*
Anemone var kjempeflink og rolig heile tida og tok merkelig nok det heile med god mamma-ro og eit lite au. Den neste var ein blenheimgut som fødtes kl 21:15, han også setefødsel. Han var en stor gut på 278 gram så han måtte også ha litt drahjelp og heldigvis gjekk det veldig fint til slutt. Det tok jo si tid så han var litt blå då han kom ut og eg måtte jobbe litt for at han skulle få pusten i gong. Skal sei det er deilig å høyre nokre gode innpust etter nokre minutt med massering og fostervannsutsuginger. Puuuhhhh no ligg dei begge og drikk dei første råmelkedråpane som er så viktige <3
Får du plutselig tak i en cavalier no til dags kan det fort vere ugler i mosen!
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
March 2024
Framheva sider:
|