Kystcavalierens Cookiemonster av N UCH NV-17 Cava Choice Rambling Rector og Kystcavalierens Anemone er vårt nye håp. Ho skal bu hos forverter, Linda og Arve på Nerlandsøy og vi kjem til å sjå mykje til kvarandre i framtida. <3
3 Comments
Familien har forelska eg i meg og Molly og eg har blitt venner sjølv om ho syntes dette var litt stressandes til å begynne med. Reisa var kort og eg sov heile natta og tissa kun en gong på inne, kors på halsen. Snakkast, morgendagen venter ;)
Et kort og heftig besøk ute av puddelkvalper like gamle som våre :)
Dette var spennandes, litt skummelt men GØY :) Tida flyg, her er nokre bilder frå dei siste dagane
VI hadde også ein liten corgiegutt på besøk men glømde desverre å ta bilde... Det er en del mail for tida om kvalpane er selde....ja det er dei.. Eg har tonnevis med informasjon her på bloggen om det og på sida til kvalpane: C-kullet og kvalpeplanesida og til vår kvalpekjøper..... Det er berre å lese i veg. Det er dei som viser at dei har lest informasjonen min som vil bli prioritert ved eit eventuelt nytt kull..... ;)
I dag våkna vi opp til snø!!! Den siste veka så har dei alle sammen sprunge ut for å gjere frå seg om morgonen. Dei står opp i 7-tida og då er det berre å kaste seg i tøflene og komme seg ut i nattkjolen for då skjer det fort! (sikkert eit snodig syn for naboane..)
Dei et ein liten klunk med oppblauta RC starter tørrfor og snart skifter vi gradvis til det dei skal ete framover; RC puppy. Når dei er ferdige med å ete så er det leiketid og så ut og tisse litt til etter maten for så å sove ein time eller to. - Så gjentar vi prosedyra ;) Dei er veldig flinke å tisse ute. Einaste grunnen til at vi har nokre uhell er at vi ikkje er raske nok når det må skje. Med seks stykker så skjer det fort, kan eg love ;) Nyttårskvelden gjekk tålelig bra i går. Anemone bjeffa eit par gonger for det var da måte på liksom. Men ho delte villig eit tyggebein med kvalpane då det stod på som værst for det såg ut til å vere beroligande på alle sammen. Colargol blei ved ei anledning litt redd ein rakett som kom ute litt tidlig på kvelden men ellers så gjekk det greit. Det gjekk heldigivs fort over med neddratte rullgardiner og høg musikk på tv'n. Bonnie synes det var litt mykje også til tider og satte tydeligvis pris på å sitte tett i armkroken og få nokre beroligandes ord.
Her er dei i full vigør no dagen derpå, heilt til dei sovner søtt igjen :) PS! Husk å øve til neste år!! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|